Me treng deg: bli 07000-sjåfør!

Me har fått fleire oppdrag i Sunnhordland, og treng no både flinke sjåførar og gode løyvehavarar!

Er du vår neste kollega?

Fyll ut skjema og les meir her⬇️, så kontaktar me deg for meir info og vidare oppfølging.

    Ja takk, eg vil ha uforpliktande info om å bli 07000-sjåfør eller løyvehavar i Sunnhordland:

    Det å senda inn skjemaet er sjølvsagt heilt uforpliktande!

    Du vil bli kontakta av 07000 Stord Taxi / 07000 Sunnhordland for meir info og oppfølging. Du kan også kontakta oss på post@sunnhordlandtaxi.no eller ta kontakt med våre folk i ditt område. Klikk her for å sjå kvar du finn oss

    Vi høyrest!

    Kvifor bli 07000-sjåfør?

    Nedanfor kan du lesa meir om nokon av fordelane ved å bli 07000-sjåfør. Me høyrer sjølvsagt gjerne frå deg om du vil vita meir!

    ikon

    Gode jobbmoglegheiter

    Som 07000-sjåfør kan du jobba både heil- og deltid. Me har for tida stort behov for sjåførar i Sunnhordland – både på Stord, på Bømlo og i Kvinnherad.

    ikon

    Ein sjølvstendig kvardag

    Som sjåfør i 07000 skaper du din eigen arbeidskvardag. Du posisjonerer deg sjølv etter trafikk og etterspurnad. Du har sjeldan to like dagar, og du får møta masse flotte menneske 🙂

    ikon

    Eit godt fellesskap

    Du får mange gode kollegaer i 07000-familien. Rundt 1500 menneske er ein del av 07000 i Noreg, anten ute på vegen eller i administrasjon.

    ikon

    Mange bestilte oppdrag

    I 07000 er dei fleste reiser bestilte, t.d. gjennom 07000-appen. Du får dei aller fleste oppdraga frå sentralen og slepp å jakta eigne kundar i trafikken.

    ikon

    Moglegheit for god inntekt

    Som 07000-sjåfør kan du tena gode pengar – særleg om du kan jobba når mange treng deg! Nokon har dette som ekstrainntekt med studiar eller skiftarbeid – mange lever av det på heiltid.

    ikon

    Di eiga transportbedrift?

    Har du – eller vurderer du – eige taxiløyve? Me treng fleire gode løyvehavarar som vil driva ei god transportbedrift hos oss!

    Kven er 07000-sjåførane?

    07000-sjåførane er både menn og kvinner, i ulike aldrar og livssituasjonar. Likevel har gode 07000-sjåførar gjerne nokon ting til felles. Me er på jakt etter deg som:

    • Er blid, serviceminded og glad i å omgåast menneske
    • Er god på å kommunisera, særleg munnleg
    • Liker å køyra bil – og tanken på å vera «privatsjåfør»
    • Ser løysingar – ikkje problem
    • Er proaktiv og bevegar deg «dit det skjer»
    • Bryr deg om folk rundt deg
    • Er til å stola på
    • Ønsker deg ein fleksibel jobb på heil- eller deltid

      Ja takk, eg vil ha uforpliktande info om å bli 07000-sjåfør eller løyvehavar i Sunnhordland: